Tyskland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bundesrepublik Deutschland | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
|
|||||||
Nasjonale motto: Einigkeit und Recht und Freiheit | |||||||
![]() |
|||||||
Offisielle språk | Tysk | ||||||
Hovudstad | Berlin | ||||||
Styresett |
Republikk Horst Köhler Angela Merkel |
||||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
357 021 km² (62.) 2,9 % |
||||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
82 431 390 (14.) — 231/km² (34.) |
||||||
Sjølvstende |
1871, 1949, 1990 | ||||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
2 498 471 mill. USD (5.) 30 150 USD (17.) |
||||||
Valuta | Euro | ||||||
Tidssone | UTC +1 | ||||||
Nasjonalsong | «Das Lied der Deutschen» | ||||||
Nasjonaldag | 3. oktober | ||||||
Internasjonal telefonkode | +49 | ||||||
Nasjonale toppdomene | .de
|
Tyskland er eit land i Sentral-Europa. Det tyske namnet er Bundesrepublik Deutschland, med Deutschland som kortform. Tyskland er eit stort industriland. Det har sams grense med Danmark, Polen, Tsjekkia, Austerrike, Sveits, Frankrike, Luxemburg, Belgia og Nederland. I nord utgjer Nordsjøen og Austersjøen dei naturlege landegrensene.
Hovudstad og administrasjonsstad er Berlin. Nokre regjeringskontor har sete i Bonn. Tyskland er delt inn i 16 delstatar, som vert kalla Bundesland, forbundsland (fleirtal Bundesländer). Tyskland er medlem av Den europeiske unionen, NATO og G8.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
- For meir om dette emnet, sjå Tysk historie.
Nasjonalstaten Tyskland oppstod først i 1871, då den prøyssiske hæren hadde innteke slottet i Versailles etter å ha sigra over Frankrike i den fransk-tyske krigen 1870–1871. Omgrepet Tyskland har likevel vore brukt sidan tidleg mellomalder, til dømes om det tysk-romerske riket som blei grunnlagd i år 843. Men etter dette var landet delt opp i ei mengd små fyrstedøme.
Historia til det moderne Tyskland kan delast inn i desse periodane: Keisardømmet 1871–1918, Weimarrepublikken 1918–1933, Det nazistiske «Tredje Riket» 1933–1945 (som frå 1938 til 1945 også omfatta Austerrike), etterkrigstida og delinga 1945–1989 og det gjenforente Tysklands periode (1990–).
[endre] Administrativ inndeling
Tyskland er delt inn i 16 delstatar, som vert kalla Bundesland, forbundsland (fleirtal Bundesländer). Vidare er dei delt inn i 439 landkreis og byar (kreisfrie byar)
|
[endre] Geografi
- For meir om dette emnet, sjå Tysk geografi.
Tyskland er den nest mest folkerike landet i Europa (etter Russland) og det sjuande største etter areal. Arealet dekkjer 357 021 km², der 349 223 km² er land og 7 709 km² er vatn. Landet strekk seg frå dei høge Alpane i sør til Nordsjøen i nordvest og Austersjøen i nordaust. Det høgaste punktet i landet er Zugspitze på 2 962 meter over havet. I mellom ligg den lågtliggande Den nordtyske sletta og det skogkledde og åslendte landskapet sentralt i Tyskland, Mittelgebirge. Det lågaste punktet i Tyskland er Wilstermarsch, som er 3,54 metres under havnivå. Nokre av dei største elvane i Europa renn gjennom Tyskland, som Rhinen, Donau og Elbe. Sidan Tyskland ligg sentralt til er det ingen europeiske land (bortsett frå Russland) som har fleire grenseland. Nabolanda er Danmark i nord, Polen og Tsjekkia i aust, Austerrike og Sveits i sør, Frankrike og Luxembourg i sørvest og Belgia og Nederland i nordvest.
[endre] Klima
- For meir om dette emnet, sjå Tysk geografi.
Det meste av Tyskland har eit kjøleg og temperert klima der fuktige vindar frå vest dominerar. Klimaet vert styrt av Nord-Atlanteren og Golfstraumen. Dette varme vatnet påverkar områda som grenser til Nordsjøen, og derfor har dei nordlege og nordvestlege områda av landet maritimt klima med nedbør året rundt og mest nedbør om sommaren. Vinteren er mild og sommaren som regel noko kjøleg, sjølv om ein kan få temperaturar over 30 ºC i lengre periodar. I aust er klimaet meir kontinentalt, og vintrane kan verte kalde og somrane svært varme. I tillegg har ein ofte lengre tørkeperiodar. Sentrale og sørlege delar av Tyskland ligg i ein overgangssone mellom dei to klimatypane.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Galleri
Austerrike | Belgia | Bulgaria | Danmark | Estland | Finland | Frankrike | Hellas | Irland | Italia | Republikken Kypros | Latvia | Liechtenstein | Litauen | Luxembourg | Malta | Nederland | Polen | Portugal | Romania | Slovakia | Slovenia | Spania | Tsjekkia | Tyskland | Storbritannia | Sverige | Ungarn |
Berre EØS: Island | Liechtenstein | Noreg |
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |