On Amazon.it: https://www.amazon.it/Complete-Concordances-James-Bible-Azzur/dp/B0F1V2T1GJ/


Sámos - Wikipedia

Sámos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sámos
Lokalt namn: Σάμος
Samos by
Samos by
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 37°44′N 26°50′EKoordinatar: 37°44′N 26°50′E
Øygruppe Dei nordegeiske øyane
Areal 468 km²
Høgaste punkt Vigla (1 433 m)
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Prefektur
Nord-Egearhavet
Samos prefektur
Demografi
Folketal 42 000
Folketettleik 90 /km²

Sámos (gresk: Σάμος) er ei øy i Hellas som høyrer til Dei nordegeiske øyane i Egearhavet. Ho ligg mellom Khios i nord og øygruppa Dodekanesane i sør. Nærast av desse øyane er Patmos. I tillegg ligg Samos like utafor kysten av Tyrkia og området som tidlegare vart kalla Jonia.

Innhaldsliste

[endre] Skildring

Sámos har eit areal på 468 km², er 43 km lang og 13 km brei. Ho er ei av dei største og mest frodige av øyane i Egearhavet som ligg nær Anatolia. Avstanden til det tyrkiske fastlandet er berre 1,5 km. Store delar av øya er dekka av fjellkjeda Kerkis der den høgaste toppen er Vigla på 1 433 moh. Fjellkjeda er ei fortsetjing av fjellet Mycale på fastlandet. Øya er svært frodig og ein stor del av ho er dekka av vingardar, og vin laga av druer frå Vathy har svært godt rykte på seg. Samos har om lag 42 000 innbyggjarar, som er om lag 80 % av prefekturet ho er ein del av.

I lag med naboøyane Ikaria og Fournoi Korseon er Samos administrert som ein del av Sámos prefektur. Hovudbyen og hovudhamna hennar er Vathy, vanlegvis kalla Samos by. Andre hamner er Karlovasi og Pythagoreio, tidlegare kalla Tigani. Andre landsbyar er Kokkari, Manolates, Khora og Pagondas.

Sámos har óg ei lufthamn.

[endre] Økonomi

Økonomien på Sámos er stort sett avhengig av turistindustrien, som har auka jamnt sidan tidleg på 1980-talet. Av jordbruksprodukt finn ein druer, honning, oliven, olivenolje, sitrusfrukter, tørka fiken, mandel og blomar. Muskatdrua vert stort sett nytta til vinproduksjon. Vin frå Samos, mest kjend for den søte muskatel-typen, vert eksportert under fleire namn, og har vunne fleire prestisjetunge prisar både internasjonalt og i Hellas.

[endre] Historie

[endre] Tidleg historie og antikken

I den klassiske antikken var øya senter for jonisk kultur og luksus, og kjend for vinen sin og den raude keramikken. Den mest kjende bygningen på øya var den joniske ordenen sitt tempel til gudinna Hera, kalla Heraion.

Den tidlegaste historia om Sámos er mangelfull, men då dei store folkevandringane fann stad i området kom joniske folkesetnadar til øya frå Epidauros i Argolis. Samos vart eitt av tolv medlemmer i Det joniske forbundet. På 600-talet fvt. hadde ho vorte eit av dei største handelssentruma i Hellas. Denne tidlege velstanden til øya kom sannsynlegvis av at ho låg langs fleire handelsruter. Folket på Samos dreiv i tillegg omfattande handel til sjøs, og var med på å opne opp handelsruter til Svartehavet og til faraoane i Egypt. Dei var óg dei første grekarane som nådde Gibraltarsundet.

Handelen deira førte dei inn i nære relasjonar med Kyrene, og sannsynlegvis óg med Korint og Khalkis, men gjorde dei til bitre fiendar av naboane Milet. Feiden mellom desse to statane førte til at dei gjekk ut i ein krig kalla den lelantinske krigen (600-talet fvt.) då trierer vart nytta for første gong i gresk marine. Milet gjekk sigrande ut av krigen, men på 500-talet fvt. slapp Samos unna krigshandlingane til asiatiske kongar mot mellom anna Milet og andre stader på fastlandet. Rundt år 535 fvt. vart det eksisterande oligarkiet velta av tyrannen Polykrates og på same tidspunkt nådde Samos sin høgaste velstand. Marinen hennar verna ho frå invasjon og var den framste i Egearhavet. Offentlege arbeidarar gjorde byen vakrare og skulane, skultørane og smedane her hadde svært godt rykte.

[endre] Eupalinosakvedukten

500-talet fvt. vart Sámos styrt av den kjende tyrannen Polykrates. Under hans styre gravde to arbeidargrupper under ingeniøren Eupalinos ein tunnell gjennom fjellet Kastro for å byggje ein akvedukt som skulle føre ferskt vatn til Samos by. Det var svært viktig at denne vasstilføringa var underjordisk slik at fiendar vanskeleg skulle få auge på og stenge han. Metoden Eupalinos nytta med å bruke to grupper som møttes på midten under fjellet er dokumentert av Hermann J. Kienast og andre forskarar. Med ei lengd på 1 036 meter vert Eupalinos sin underjordiske akvedukt rekna som eit av dei store meisterverka innan ingeniørkunst i antikken. Akvedukten er i dag ein del av Pythagoreion, som står på UNESCO si verdsarvliste.

[endre] Persarkrigane og persisk styre

Etter Polykrates døydde vart Sámos hardt råka då det persiske Akamenide-dynastiet erobra og delvis avfolka øya. Ho hadde fått tilbake mykje av styrken sin då dei i 499 fvt. vart med i eit opprør blant dei joniske bystatane mot Persia, men på grunn av den langvarige sjalusien mot Milet gav ho berre middels motstand. Under det avgjerande slaget ved Lade (494 fvt.) var delar av dei seksti skipa skuldig i regelrett forærderi. I 479 fvt. leia Samos eit opprør mot Persia.

[endre] Peloponnesarkrigen

Under peloponnesarkrigen (431 fvt.404 fvt.) tok Sámos Athen si side mot Sparta, og lot den athenske flåten få nytte hamna si. I Det athenske sjøforbundet hadde dei spesielle privilegiar og var aktivt lojal mot Athen fram til 440 fvt. då athenarane gjekk i mot dei under ein krangel med Milet, og Samos trakk seg ut av sjøforbundet. Med ein flåte på seksti skip haldt dei lenge ut mot den store athenske flåten leia av Perikles sjølv, men etter ein langvarig omleiring vart dei tvungen til å kapitulere. Samos vart straffa, men i følgje Thukydides ikkje like hardt som andre statar som gjorde opprør mot Athen. Dei fleste andre statane måtte betale tributt til Athen, medan Samos berre måtte betale for skadane opprøret hadde kosta athenarane. Prisen var 1 300 talentar som skulle betalst tilbake med 50 talentar per år.

Mot slutten av peloponnesarkrigen stod Sámos fram som ein av dei mest lojale statane til Athen. Ho fungerte som base for Athen under sjøkrigen mot peloponnesarane og som midlertidig heim for det athenske demokratiet under revolusjonen til Dei fire hundre i Athen i 411 fvt. Den venlege innstillinga til Athen kom etter ei rekkje politiske revolusjonar som enda med opprettinga av demokratiet. Etter Athens fall vart Samos omleira av Lysander og igjen plassert under eit oligarki.

I 394 fvt. trakk den spartanske marinen seg tilbake og øya erklærte seg sjølvstendig og gjenoppretta eit demokrati, men etter freden ved Antalkidas (387 fvt.) kom ho igjen under persisk dominans. Ho vart sett fri igjen av athenarane i 366 fvt. etter ei omleiring på elleve månadar, og fekk tilsend ei stor gruppe militære kolonistar, klerukharar, som viste seg å vere svært viktig under alliansekrigen (357-355 fvt.). Etter krigen på Samos i 322 fvt. vart Athen fråskild frå Samos og ein kan ikkje lenger følgje omskiftingane på øya.

[endre] Kjende personar frå Sámos i antikken

Den kanskje mest kjende personen som kom frå Samos var Pythagoras, og ein slave som høyrte til Iadmon med namn Æsop, som er kjend for Æsop sine fablar. Ein finn namnet på Pythagoras og figuren hans på myntar frå romartida. I 1955 vart byen Tigani gjeve namnet Pythagoreio til ære for den kjende matematikaren.

Andre kjende personar var filosofen Epikuros. Astronomen Aristarkhos av Sámos, som var den første til å skildre ein heliosentrisk modell av solsystemet levde óg på Sámos. Den kjende historikaren Herodotos budde på Samos ei stund.

[endre] Den hellenistiske perioden

I ein periode (om lag 275-270 fvt.) var Sámos base for den egyptiske flåten til Ptolemeardynastiet

I 189 fvt. vart ho overført av romarane til vasallen deira, Attalid-dynastiet sitt hellenistiske kongedøme Pergamom i Lilleasia.

[endre] Romartida

Frå år 133 fvt. vart Sámos ein del av den romerske provinsen Asia, og ho tok Aristonikos (132 fvt.) og Mithradates (88 fvt.) sine sider mot overherren, og dette førte til at dei ikkje fekk sjølvstyre, som ho berre ei kort stund hadde mellom regjeringstida til Augustus og Vespasian. Likevel hadde Samos ein viss vekst og klarte å konkurrere med Smyrna og Efesos om tittelen som den framste byen i Jonia. Ho gjorde seg mest utmerka som ein kurstad og for produksjonen av keramikk.

Etter keisar Diocletian sitt tetrarki vart ho ein del av Provincia Insularum, i bispedømet Asiana i det pretorianske prefekturet Oriens.

[endre] Den austromerske og genuesiske perioden

Som del av Austromarriket vart Samos leiar for themet (militærdistrikt) i Egearhavet. Etter 1200-talet gjekk ho gjennom mange av dei same endringane som Khios og begge vart eigedom for den genuesiske familien Giustiniani (1346-1566).

[endre] Osmansk styre

Frå 1533 kom Sámos inn under Det osmanske riket, og i løpet av dei første åra flytta dei fleste innbyggjarane på Samos frå øya. Dei som vart verande igjen haldt seg i små landsbyar i fjella, og gøymde seg der frå sjørøvarar og andre inntrengarar. Rundt 1600-talet fekk Samos privilegiar som gav dei delvis sjølvstyre. Mange grekarar med familiær tilknytting til Samos frå gresktalande område slo seg ned på øya. Landsbyen Mytilinioi vart til dømes busett med folk frå øya Mytilini. Andre nybyggjarar kom reisande frå provinsar på fastlandet av Hellas og så langt borte frå som Albania.

Sámos, (osmansk tyrkisk: سيسام Sisam) høyrte til elayet Djeza'ir-i Bahr-i Sefid fram til 1832.

Under den greske sjølvstendekrigen hadde Samos ei framtredande rolle og danna ei revolusjonsregjering.

Det var i sundet mellom øya og Tyrkia at Kanaris satte fyr på og sprengde ein tyrkisk frigatt føre augo på hæren som hadde samla seg for å invadere øya. Dette førte til at hæren forlot området og Samos vart verande sjølvstendig fram til slutten av krigen. Etter freden vart øya derimot gjeve tilbake til tyrkarane.

Etter fleire opprør var ho frå 1835 sjølvstyrt og betalte berre ein årleg skatt til Tyrkia.

Den moderne hovudbyen på øya var, fram til tidleg på 1900-talet, ein landsby kalla Khora, om lag 3 km frå sjøen og frå den antikke hovudbyen. Etter at dei politiske forholda endra seg på Samos vart hovudbyen flytta til Vathy i ei djup bukt på nordsida av øya.

[endre] Frigjeving og nyare historie

Folkesetnadne på øya hadde lenge ønska å slå seg saman med Hellas, men fekk først ønsket oppfylt i 1913 då ho vart ein del av Hellas etter balkankrigane.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Sámos

[endre] Kjelde

Klassiske forfattarar:

  • Herodotos, særleg bok iii.
  • Thukiydides, særleg i. og viii.
  • Strabo xiv. s. 636-639
  • Xenofon, Hellenica, bok i. ii.

Moderne forfattarar:

  • T. Panofka, Res Samiorum (Berlin, 1822).
  • V. Guérin, Description de l'île de Patmos et de l'île de Samos (Paris, 1856).
  • P. Gardner, Samos and Samian Coins (London, 1882).
  • C. Curtius, Urkunden zur Geschichte von Samos (Wesel, 1873).
  • B. V. Head, Historia Numorum (Oxford, 1887), pp. 515-518.
  • H. F. Tozer, Islands of the Aegean (London, 1890).
  • J. Boehlau, Aus ionischen and italischen Nekropolen (Leipzig, 1898). (E. H. B.; M. 0. B. C.; E. Ga.).
  • L. E. Hicks and G. F. Hill, Greek Historical Inscriptions (Oxford, 1901), No. 81.
  • J. P. Barron, The Silver Coins of Samos (London, 1966).
  • R. Tölle-Kastenbein, Herodot und Samos (Bochum, 1976).
  • H. Walter, Das Heraion von Samos (München, 1976).
  • H. Kyrieleis, Führer durch das Heraion von Samos (Athen, 1981).
  • T. J. Quinn, Athens and Samos, Chios and Lesbos (Manchester, 1981).
  • G. Shipley, A History of Samos 800–188 BC (Oxford, 1987).
  • K. Hallof and A. P. Matthaiou (eds), Inscriptiones Chii et Sami cum Corassiis Icariaque (Inscriptiones Graecae, xii. 6. 1–2). 2 vols. Berolini–Novi Eboraci: de Gruyter.
  • K. Tsakos, Samos: A Guide to the History and Archaeology (Athens, 2003).


Dei nordegeiske øyane
Øyar i det sentrale Egearhavet: Samos • Fournoi Korseon • Thymaina • Ikaria • Khios • Oinousses • Psara • Antipsara • Lesbos • Agios Efstratios • Limnos • Imbros
Øyar i Det trakiske havet: Samothraki • Thasos
Static Wikipedia March 2008 on valeriodistefano.com

aa   ab   af   ak   als   am   an   ang   ar   arc   as   ast   av   ay   az   ba   bar   bat_smg   bcl   be   be_x_old   bg   bh   bi   bm   bn   bo   bpy   br   bs   bug   bxr   ca   cbk_zam   cdo   ce   ceb   ch   cho   chr   chy   co   cr   crh   cs   csb   cv   cy   da   en   eo   es   et   eu   fa   ff   fi   fiu_vro   fj   fo   fr   frp   fur   fy   ga   gd   gl   glk   gn   got   gu   gv   ha   hak   haw   he   hi   ho   hr   hsb   ht   hu   hy   hz   ia   id   ie   ig   ii   ik   ilo   io   is   it   iu   ja   jbo   jv   ka   kab   kg   ki   kj   kk   kl   km   kn   ko   kr   ks   ksh   ku   kv   kw   ky   la   lad   lb   lbe   lg   li   lij   lmo   ln   lo   lt   lv   map_bms   mg   mh   mi   mk   ml   mn   mo   mr   ms   mt   mus   my   mzn   na   nah   nap   nds   nds_nl   ne   new   ng   nl   nn   nov  

Static Wikipedia (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2007 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2006 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu

Static Wikipedia February 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu